Stor og dokumentarisk bok om norske ystetradisjonar

Tre årsverk i løpet avtte åtte års gjekk med for å laga boka ved sida av.  Helge Gudheim i selskapet Mat Kultur AS vart klar for markanden i 2013 med den store boka du ser omslaget av til venstre. Men innhaldet i boka er eigentleg tidlaust, og vil i mange år framover vera ein solid dokumentasjon av den førindustrielle ystetradisjonen, og livet på stølane. Boka er skrive med Valdres som utgangspunkt, men mesteparten av innhaldet vil vera aktuelt også for stølslivet og stølskulturen også i resten av landet. Alle område som har hatt aktiv støling, vil finne gjenklang i stoffet.


Difor er dette er eit verk for deg som vil lære om ysting som tradisjons-handverk og som ynskjer å få innblikk i kulturen rundt ystinga – i ei norsk fjellbygd – sett i norsk og internasjonal samanheng. Du som ystar får tilgang til oppskriftene – medan den kulturhistorisk interesserte lesaren får innblikk i ein viktig, men ofte gløymd del av vår nære historie; mjølkematen. Boka er unik i norsk samanheng, sidan ein tilsvarande dokumentasjon av ein ystetradisjon truleg tidlegare ikkje er laga her i landet.

NRK TV omtala hausten 2023 denne boka som "referanseverket for norske ystetradisjonar". Matskribent Andreas Viestad har karakjterisert boka som «Et mesterverk».

Forhandlarliste finn du i menylinja øvst til venstre!


Boka er i stort format, og kvar bok veg tre kilo. Enkelte vil sikkert reagere på at utsalsprisen på 580 kroner er høg, men det er ikkje meir enn 193 kroner kiloen! Dersom du samanliknar med prisen på andre bøker, og til dømes vurderer bøker etter kilopris, så vil du snøgt oppdage at dette eigentleg er ei rimeleg bok – i forhold til alt stoffet du får!

Boka inneheld:

 detaljerte intervju med 35 eldre budeier frå Valdres.

 kunnskapen etter 200 informantar frå 1930-talet.

 1020 gamle og nye bilde, tabellar og kart.

 540 sider i stort format (25 x 33 cm). Boka veg 3 kilo!

 ei riksdekkjande liste med 184 osteprodusentar.

 ei liste med omtale av 292 norske og internasjonale osteprodukt frå vår samtid.

 dialektordliste med over 3300 ord knytt til ost og ysting.

 samanlikningar mellom norske og internasjonale ystetradisjonar.

 informasjon om materialtypar (treverk), kopar/jern, vaskemetodar og ysteustyr.

 eit kritisk blikk på korleis landet vårt har teke vare på ystetradisjonane våre.

 autentiske og særs detaljerte oppskrifter på rundt 20 tradisjonelle mjølkeprodukt – sett inn i den kulturhistoriske samanhengen på gardar med stølsdrift. 

   Dette er i hovudsak smør, surmjølksostar (pultost og gamalost), meir eller mindre skumma søtmjølksostar og brunostar av sur og søt myse. 


Boka kjem med mykje ”nytt” – og for mange truleg ukjent materiale – særleg om gamalostane.

I denne boka er gamalostmaterialet delt i sju typar ost, sortert etter teknikk, og det mest spesielle vil vera ein grundig dokumentsjon også av ukokte gamalostar. Fleire typar pultost/knaost er også omtala, og det blir peikt på at det reint teknisk er forskjell mellom tradisjonell og moderne søtostysting.

Frå midten av 1900-talet har mjølkebilane reist med mjølka. Dermed viskast dei munnlege ystetradisjonane med åra ut, og forfattaren ynskjer med denne boka å berge den handlingsborne kunnskapen om tradisjonsystinga over i skriftleg form. Dei siste 25 åra har me opplevd ein renessanse for gardsysting, men det er i seg sjølv ingen garanti for at dei lokale ystetradisjonane blir vidareførde. Samstundes held meieriindustrien fram med å sentralisere si verksemd.

Boka er skriven med "upasteuriserte briller" – fordi mesteparten av tradisjonsystinga var av rå mjølk ved låge temperaturar. Dette står i stor kontrast til dagens "heilpasteuriserte", norske mjølkeindustri.

Kjøper du to bøker, så for du gratis frakt i Norge.

Bøkene blir anten levert direkte av utgjevaren, eller dei blir sende som postpakke.


Utgjevar:

Mat Kultur AS

Tyinvegen 749

2918 Ulnes.

Nettside: www.matogkultur.no

E-post: post@matogkultur.no

Organisasjonsnummer: 911646978.