Om forfattaren

Helge Gudheim (f 1957) har samla, redigert og skrive bøkene om «Ysting i Valdres» (2013) og «I Knud Knbudsens hjulspor gjennom Valdres» (2024). Han er oppvaksen på gard og busett i Ulnes i Nord-Aurdal, ei snau mil vest for Fagernes. Etter eitt år i USA, artium og avtent verneplikt, fekk han sumarjobb som journalist i lokalavisa, «Valdres», i 1979. Planen var å studere etnologi, men eit årsvikariat som journalist i avisa frå januar 1980 har førte til nær 40 års journalistisk virke. Han arbeidde også ein vinter på 1980-talet som journalist i Aftenposten, og har etter kvart vore involvert i fleire bokprosjekt.

Gjennom 38 år som journalist har Helge Gudheim arbeidd med dei fleste stoffområde. Mykje har handla om kultur, reportasjar og nyheiter, og han ser på seg sjølv som ein tradisjons- og kulturformidlar. Helge Gudheim har opp gjennom åra laga mange seriar i avisa Valdres – om lokal dialekt, byggjeskikk, folkedrakter, interiør, landbruk, lokalmat, hotell, gamle gjenstandar og fotografi – ikkje minst frå stølslivet i Valdres. 

Ein stor avisserie gjennom 14 år – på bortimot 350 artiklar om tradisjonsmaten i Valdres – har også vore med å danne grunnlag, interesse og kjennskap til informantar og kultur, noko som kom godt med då dette djupdukket i ysting vart påbegynt i 2005 og avslutta ved utgjevinga i mai 2013.

Helge Gudheim har til no vore involvert i følgjande bokprosjekt:

1982: Medforfattar i «Vest-Oppland og Valdres» i serien «Bygd og by i Norge», utgjeven av Gyldendal Norsk Forlag.

1995: Medlem av skriftstyret for «Ulnes kyrkje 750 år».

2002: Fotograf og forfattar av boka «Interiør frå Valdres», utgjeven av Det Norske Samlaget.

2013: Ein av fire omsetjarar av «Lite missale», den katolske liturgien omsett til nynorsk, utgjeve av St. Olav Forlag.

2013: Forfattar, fotograf og utgjevar av «Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal samanheng».

2013: Bilderedaktør for band C av «Gard og bygd i Nord-Aurdal» i serien Valdres Bygdebok.

2024: Forfattar, fotograf og utgjevar av «I Knud Knudsens hjulspor gjennom Valdres».

Framtidig bokprosjekt: I januar 2025 starta Helge Gudheim arbeidet med å samle stoff til ei framtidig bok om sin oldefar, Jens Andreas Hjort Bugge (1859–1939), frå Mandal. Han hadde ei av landets største, private antikvitetssamlingar, skreiv romanar og skodespel, var fransk konsulæragent, skipsreiar og det står framleis to fantastiske hus etter han i Mandal. Han var gift tre gonger, hadde sju barn som vaks opp, 25 barnebar, 58 oldebarn og til no er det registrert 285 direkte etterkomarar etter Jens og dei to fyrste konene – i 10 land.

Frå 1. september 2019 gjekk Helge Gudheim av frå journalistjobben med avtalefesta pensjon. Det har gjeve meir tid til å arbeide med forskjellige kulturelt prega prosjekt. Mellom anna har han teke opp att si store interesse for rekonstruksjon av folkedrakter frå 1700- og 1800-talet. Hans interesse for dette emnet har ført til at han harteke initiativet til og vore med og utvikla fire av prototypane for mannsbunadene i Valdres. Dette gjeld blåtrøyebunaden (1987), kvit steglatrøye (1994), mellomlang steglatrøye frå slutten av 1700-talet (2019) og sid mannskjol frå midten av 1700-talet (2020). Sidan 2021 har han drive Facebook-sida «Bunader og rekonstruerte folkedrakter i Valdres», som sumaren 2026 hadde 3755 medlemmer.

Saman med kona si mottok Helge Gudheim i 1994 Nord-Aurdal kommunes byggjeskikkpris, og i 2026 er han tildelt kulturprisen for Nord-Aurdal kommune.

Helge Gudheim vart både i 2017 og 2018 plukka ut til å vera ein av finalistane til å få "Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris" på grunn av arbeidet med boka «Ysting i Valdres».